Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “lupeeffekt


Dette filteret gjer at ein del av biletet ser ut som det er sett gjennom ei sfærisk linse.

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLupeeffekt

Innstillingane for filteret Lupeeffekt

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Parametra

  • Behald originalomgivnadane: Det ser ut som linsa blir halde over biletet.

  • Sett omgivnadane til bakgrunnsfargen: Den delen av biletet som er utanfor linsa får same fargen som bakgrunnsfargen sett i verktøyskrinet.

  • Lag omgivnadane gjennomsiktige: Den delen av biletet som er utanfor linsa blir gjennomsiktig. Dette valet er bare tilgjengeleg når biletet inneheld gjennomsikt.

  • Brytingsindeks for linsa: Linsa blir meir eller mindre konkav. Skala 1 - 100.